Trainee i Vestland
Er du nyutdanna eller har maks tre års arbeidserfaring? Då har du sjansen til å makse starten på arbeidslivet i Vestland!
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Sjekk ut årets traineestillingar OBS: Dei fleste traineestillingane har hatt sin søknadsperiode, men det er framleis nokre moglegheiter til å sikre seg draumestarten på karrieren.
Felles krav til alle som søker stilling som trainee i Framtidsfylket:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1